Forskar, leiar og konsulent

Skriv ut
Article picture

Jørn Rangnes skal leie arbeidet med fusjonsprosessen i Oslofjordalliansen. Han ser for seg ein utfordrande prosess og gler seg til arbeidet Jørn Rangnes er 53 år gamal, utdanna lærar og sosiolog. Han har arbeid som forskar og instituttsjef ved Norsk institutt for ny- og regionforsking (NIBR), vore avdelingsdirektør i Kommunal- og arbeidsdepartementet, konsulent i Næringssenteret Vestfold og fylkesdirektør i Vestfold fylkeskommune - mellom anna.

Jørn Rangnes har hatt mange styreverv i selskap og organisasjonar, og han har vore tungt inne i program som Verdiskaping gjennom regional innovasjon (VRI), ARENA og Strategisk høgskoleprosjekt. I tillegg har han leia arbeidet i styringsgruppa for Norwegian Centre of expertise Microsystems.

- Det er lagt opp til ein hektisk prosess, seier han etter oppstartmøte i styringsgruppe og prosjektgruppe. - Det er eit stort arbeid som skal gjerast. Det viktige no blir å mobilisere all ekspertise i dei tre institusjonane slik at dei rette folka tek føre seg rette tema med rett vinkling.

Prosjektgruppa tek sikte på å leggje fram ein foreløpig rapport i februar 2010.

Publisert: 09.09.2009 13:25 av Tore Petter Engen


« Tilbake

Legg til kommentar
Legg til kommentar


Legg til Avbryt

Informasjonsmøter

  September 2010  
MTOTFLS
  1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30